Norges hotteste liveband klar for Vallset i 2010!
Vassendgutane klare for Vallset i år også! Vassendgutane vil stå for første fest i 2010 på Festplassen. Vi satser på topp vær og masse moro. Det skal i hvert fall ikke stå på bandet. Her er hva de skriver på sine egne hjemmesider:
Grunnsteinen vart lagd i –96, og den var tufta på rein moro. Sidan har det berre blitt meir og meir av nettopp dette. Noko som gjenspeglar seg i publikum og i den stemninga som er på konsertane. Mange fulle hus og ein stadig større tilhengarskare er bevis på nettopp dette. Ein konsert med Vassendgutane er ei oppleving som er verdt å ta med seg. Dei er som kvalitetskonjakk, vert berre betre med åra. Vassendgutane er ein eigen genre, og om ein skal finne eit anna namn må det være ”fest-country”. Tekstar og melodiar er sjølvlaga, og dei fleste tema er henta frå kvardagen i norsk bygdeliv.
Vassendgutane er hyppige gjestar på dei store countryfestivalane (fleire år på rad!!), her kan vi nemne Skjåk, Vinstra og Breim som eksempel. Vassendgutane har tre cd-utgjevingar, og ein cd-singel på samvetet. Både cd’en ”Pylse og konjakk” (2000), og ”Gi clutch” (2002) har veldig respektable salstal. I 2005 kom ”Ungkar med dobbelseng”, den har seld til GULL og nærmar seg fort 60.000 selde eksemplar! XO har no solgt 80 000. Dette har gjort at Vassendgutane i fjor var blant dei ti mest selde artistane på norske bensinstasjonar.
Spelelista for 2009 er for det meste klarlagd, og det ser ut som det blir mogleg å få med seg ein konsert uansett kvar ein bur i landet.
Med Vassendgutane på plass kan festen ta til!
Vassendgutane er: Sindre Aam - Vokal, bass og låtskrivar. Arthur Johan Bjørdal - Vokal, gitar og låtskrivar. Rune S Brautaset - Gitar, vokal og låtskrivar. Ernst O Brune - Trekkspel. Lars Egil Vågseter - Steel. Leif Aase - El.gitar, bakgrunnsvokal. Bjørn Marius Øyehaug - Trommer.
Desse er også med: Henning Svoren - Lyd. Thomas Hansen - Lys. Kåre Basso - Turleiar. Johan Hellesylt - Sjåfør og div.salg.
Sjekk link til gutanes side med bilder fra festen :-)
http://www.vassendgutane.no/index.php?option=com_content&task=view&id=79&Itemid=1
|